Eikefjord Bygg AS er ei meisterbedrift. Vi blei
etablert ein lunken vårdag i mai 2002. Sidan den gong har vi vakse
til å bli ei solid bedrift med 9 faste tilsette på fulltid, og ved
behov leiger vi inn to staute karar til. Trass i at vi er ei
relativt ny bedrift, sit vi med lang fartstid i byggebransjen. Det
at vi er ei meisterbedrift viser at vi tek handverk seriøst! Vi er
drivne innan både tømmer og mur. Nokre har bakgrunn som
forskalingssnekkarar, andre som tømrarar. Vi sit på mellom 20 og 30 år i
bransjen alle mann. Dermed har vi opparbeidd oss god breidde i
faget. Vi er godt kjende med byggetradisjonar opp gjennom tidene,
noko som gjev oss gode forutsetningar for rehabilitering av eldre
hus. Det vere seg plank, tømmer, reisverk, bindingsverk eller
stavbygg! I 2010 fullførte vi eit nytt bygg på Nesjane på 600 m2,
der vi har kontor, trelast og lager. Vi har eigen kranbil, og
systemforskalingar av merka Manto og Malthus.
Sparebanken Vest. Sparebanken Vest er ei
samanslutning av mange bankar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Den
største banken, Bergens Sparebank blei etablert i 1823 Sparebanken Vest er soleis
landet sin nest eldste bank. Sparebanken Vest skal gjennom
profesjonell bankdrift vere ei drivkraft for nærings-
og samfunnsutvikling på Vestlandet.
Sparebanken Sogn og Fjordane
er den største banken i
Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 32,8 milliardar
kroner og 297 årsverk. Banken har 22 salskontor og 17 Bank i Butikk
avtalar og er representert i 21 av dei 26 kommunane i fylket, og i
tillegg har vi kontor i Bergen.
Byggservice AS blei starta i 1990, så vi har
derfor meir enn 17 års erfaring i bransjen. I dag har firmaet tre
tilsette på heiltid. Ca. 80 prosent av våre kundar er privatkundar,
men vi tek også oppdrag frå næringsdrivande og det offentlege.
Systemhus, som i år feirar 40 årsjubileum, er leiande i Norge på
einebustader og leilegheiter. Gå inn på systemhus.no og sjå våre
hustypar.
Fokus Elektro
AS


Del på Facebook